Kven er Doms?

Matthew Doms
Gründer

Matthew er fødd og oppvaksen i Cape Town i Sør-Afrika. Her utdanna han seg innanfor lydteknologi før han valde ei anna retning, og satsa på ein livsstil prega av friluftsliv og ekstremsport.

 

Han brukte dei 5 neste åra på å reise og jobbe rundt i heile verda i «white water adventure industry». Det var interessa hans for friluftsliv som lokka Matthew til den vakre bygda Voss.

 

I denne bygda vart Doms Biltong grunnlagt i 2015, og det er her Biltong vert laga for hand i dag.

Timothy Doms
Gründer

Timothy er også fødd og oppvaksen i Cape Town med bror sin, Matthew. Før han flytta til Voss i byrjinga av 2015, prøvde Timothy seg på jusstudiar før han fann ut at farmasi var meir passande.

 

Han studerte farmasi på «University of the Western Cape», og jobba deretter på «War Memorial Red Cross Children´s Hospital» i Cape Town i to år.

 

Etter å ha besøkt bror sin på Voss to gongar, bestemte også Timothy seg for å flytte til den vakre bygda der bedrifta vart starta.

Doms biltong AS
Bedriftsinformasjon

Doms Biltong AS ble stiftet i Mai 2015 med en drøm om å produsere og levere Biltong til det Norske markedet. Kjøkkenet ligger i Finnesvegen 16 på Voss, på den organiske gården Finneården.

 

Med våre kjøtprodukter ynskjer vi å tilby våre kunder nye smaks opplevingar. Me vil introdusera nye produkter av tørka og aldra kjøt.

Støttes av: